azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

boknakaran - hortensia lyrics

Loading...

han haltan og han hilton og han harder ifrå hamna
dem va mannskap på hortensia, ei ombygd bergens+jakt
det blei sagt at ho va lite lik den planten ho bar namn av
ho va registrert i harstad og blei brukt i småsild+frakt
og han haltan som va skjepper sto førr vett og manøvrering
han va utskolert i tromsø i kompass+navigasjon
mens han harder ifrå hamna sto førr koking og servering
og han hilton passa motoren, en seksti union

det va sild på finnmarks+fjordan, det blei lange føringsveia
tel fabrikka ifrå borkenes tel sørst på helgeland
men han haltan og han hilton va jo lommekjent langs leia
så hortensia av harstad kom seg alltid uskadd fram
det va mijnner at dem stolte på han harder, øngstemaj’n
som va kokk og sirihalar, servitør og slingermajnn
han blei teltrudd å ta rortørn over porsangen og tana
og der leia ellers låg i sekker avstand unna land

det gjekk bra tel i desember då dem kom av repparfjorden
og la turen innom tromsø + der dem skulle være snar
maskinisten sku få reparert ei pakning tel motoren
mens de ajnner bunkra wienerbrød og vatn og solár
men langs livets alle leie e der freistelsa og fara
og i tromsø fins en kjellar der han mack servere øl
og han haltan og han hilton, kystens glade proletara
sku nødvendigvis besøke denne syndens pest og pøl
korleis turen skulle ende hadde ingen av dem tenkt seg
+ frampå malangskjeften somna maskinist og skjepper av
og med øngstemajnn ved rattet, han som ikkje hadde skjenkt seg
låg hortensia med kril+last som en ark på herrens hav
ifrå aglapen mot senja tok han méd av hurtigruta
og igjønna finnsnes+renna slapp han og + med unders makt
mens de to som sto førr vettet låg og snorka fram+i skuta
tok han fatt på solbergfjorden etter åtte timers vakt

men med engenes om babord blei han harder overmajnna
og han somna over rattet førr ei kort og salig stund
tel han fajnn seg sjøl på dørken med et wienerbrød i handa
og tok peiling på det nærmaste som ligna på et sund
men på denne tid av året e jo dagslys mangelvare
man må segle etter løkte og ta kursan på kompass
så hortensia av harstad sto med kurs førr kongsvikskaret
tel ho trøska opp i fjæra utførr sørvika en plass

det blei sak og sjyførklaring + som eg ikkje skal beskrive
det vil neppe tjene minnet om en ærlig fraktegast
førr de tre som var om bord og som så vidt fekk berga livet
har førlengst latt ankret falle og levert si siste last
men på himmelrikets fjorda blir vel sjelden veret verre
enn at der kan høres dunking av en seksti union
der hortensia med mannskap føre småsild førr vårherre
og får oppgjør av st. peter i prosent + med provisjon



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...