catharinus elling - fjukande skyer lyrics
fjukande skyer, det er mitt liv
skodda og tyngsla på dyri eg hiv;
sopast skal tilet, til reint det verd rudt
friskt skal det vera, um enn det verd stutt
inkje det duger å krjupa i krå
fram med di brynja! set stålhuva på!
tak så i handi et sverd, som er kvast
statt so på fotom, men statt berre fast
vær ikkje ræd, det skal verda for stilt
verdi er folksam på rangt og på ilt
maten er mannen og fåvit er vit
lygn gjeng fyr sanning og svart gjeng fyr kvitt
fram då lik stormen og vær ikkje veik
syng berr’ ein salme i villastе leik!
hatet det flyg kringum øyro som brand
jordi еr sleip ho, men statt som ein mann!
fram då lik stormen lik fjukande sky!
stuper du no, det er betre enn fly;
dyrt er då blodet; um jordi det saug
finst det vel dei, som kan reisa deg haug
fjukande skyer, det er mitt liv
skodda og tyngsla på dyri eg hiv;
sopast skal tilet, til reint det verd rudt
friskt skal det vera, um enn det verd stutt
Random Lyrics
- kiri te kanawa - somebody loves me lyrics
- isla mujeres - nuestra forma de hablar lyrics
- ramenaru sampis - ramenaru sampis - ngelawans pt.i (+ alief ilham) lyrics
- pleasekarysme - message to my old acquaintance lyrics
- qwemouzo - крутит-крутит (twists and turns) lyrics
- dani faiv - gta vi lyrics
- empire of the sun - somebody's son lyrics
- tinsley - death grip lyrics
- history of guns - little miss suicide lyrics
- ali salah rasé - cerillos y cirios lyrics