azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

catharinus elling - høgferd lyrics

Loading...

alt det som no skal duga, det lyter vera stort;
for upp i høgdi vilja no alle folk so fort
det teiknar til, at alle den same hugen faa
aa fara som dei store, og inkje som dei smaa

det er ein harm aa høyra ifraa eit annat land
at der er større rikdom og alt i større stand
det er so vondt aa vita, at ut i landet der
skal vera større byar og større hus en her

ja, der er husi høgre med fleire fargar paa
og myket større salar i husom til aa sjaa
og fleire folk i gata og myket større skraal
og fleire stora bøker og frægare maal

der er det fleire kjolar, og ny er kvar ein klut;
med halvtaars+gamle klæde fær ingen ganga ut
der er det fleire fruer, som pryda kann sin by
med myket større stakkar og finare ty

det er den største gleda, ein liten fyr kann faa
at han slepp upp i høgdi, saa folk maa honom sjaa;
og kjem der so ein framand og rosar honom gildt
so verd han so stolt, at han reint 1øyper villt

kven kann so undrast paa, at det feller honom kjært
aa læra slike ting, som dei rike hava lært
aa drikka same drykken og gjera same skraal
aa bera same klædnad og læra same maal
den sida, som snur ut, er no den, som alle sjaa
og det som er inn under, det ser no ingen paa
og sjaa me ut som herrar, so faa me herre+rom
so lenge til det syner, at pungen han er tom



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...