azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

ine hoem - alt vi har kjært lyrics

Loading...

[vers 1]
når alle dei nattlege draumar blir borte som skyer for vind
da opnar eg alle dører så sollys kan fløyme inn
da ropar eg høgt av glede og syng: eg er enno til
eg tenker på alt som har hendt meg og alt som eg veit og vil
eg tenker på måltid med venner da sola gjekk opp og ned
eg tenker på skrål og latter og stunder med salig fred
eg tenker på vinterstormar når mine er trygt i hus
eg lengtar mot travle dagar og nettеr med stille sus

[refreng]
alt som er kjært tеnker eg på
alt som er nært tenker eg på
stjernene, sola og månen tenker eg på

[vers 2]
eg går mot dei fossande vårar og sommarens lyse smil
mot hausten som brenn i fargar før vinteren stundar til
eg står i den gryande dagen som myldrar av leik og liv
eg ser mot den fjerne synsrand der skyene driv og driv

[refreng]
alt som er kjært tenker eg på
alt som er nært tenker eg på
alt som ligg bortanfor blånen tenker eg på
alt som er kjært tenker eg på
alt som er nært tenker eg på
stjernene, sola og månen tenker eg på
alt vi har kjært
[harmonisering]

[refreng
alt som er kjært tenker eg på
alt som er nært tenker eg på
alt som ligg bortanfor blånen tenker eg på
alt som er kjært tenker eg på
alt som er nært tenker eg på
stjernene, sola og månen tenker eg på
alt vi har kjært



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...