jan engervik - sommarsong '93 lyrics
det var om sommaren, eg løyste båten
eg vrei om nøkkelen og gav litt kjåk.
eg var litt utafor, eg var på gråten.
det var den sure, dumme, gamle låten.
mitt sinn var fullt av ekkelt bråk.
o hiv o hoi.
det var jo kvinnfolket som ville snakka
om nokre ting ho sa var gått i stå.
eg va rlitt utafor, eg sto i jakka.
eg sa eg like gjerne kunne pakka.
ho snudde ryggen til og ba meg gå.
o hiv o hoi.
det var sommaren eg var på gråten
eg hadde stor motor og nok bensin,
men alt ho sa til meg var med i båten.
det var den sure, dumme, gamle låten.
når det blir eddik ut av deilig vin.
mmm.
det var ei ekkel sol som skein den dagen.
det stinka solkrem over berg og skjær.
dei nakne gledene lå stilt på magen
og alle plommetre sto fint i hagen.
den gamle lokka var så sabla nær.
mmm.
eg kunne reist og reist som var eg skygga,
men kva er vitsen med ei nautisk mil,
når det som gjekk i stå står att på brygga,
når sjølve gleda har gått ut av hygga,
og hjarta er ei bøtte full av tvil?
o hiv o hoi.
det var om sommaren eg vrei om roret,
eg ville dra til land og snakka ut.
det gjaldt å finna fram det rette ordet
og få dei galne tinga opp på bordet.
eg kom inn fjorden som ein liten gut.
o hiv o hoi.
eg plukka blomar som var veldig fine
så gjekk eg stille inn i huset vårt.
eg gav ho blomane og orda mine,
så kom ho jammen fram med orda sine.
det gjorde godt, sjøl om det var litt sårt.
det er jo fint og greit med fuglesongen,
å p-ssa båten og ha olje på.
men inni hjarta er den store trongen
som og må gjøras klar til båtsesongen
så ikkje kjærleiken skal gå i stå.
o hiv o hoi.
det var om sommaren vi løyste orda.
det gror så lett litt skit på gamle skrog.
vi var to sprukne båtar nedpå jorda.
vi gjekk på grunn i herrens grøne flora
og berre månen fann ut kor vi låg.
o hiv o hoi.
Random Lyrics
- tülay örten yıldız - vefasız lyrics
- jojoca - dia de hepatite c lyrics
- roy kim - i want to love you lyrics
- oasis - cuando tu y yo lyrics
- 김동완 - du du du lyrics
- skowyt - playboy lyrics
- callejon - live lyrics
- miracle of sound - hard cash 2015 lyrics
- hayki, patron, saian ss, sürveyan, onur uğur & karaçalı - umut sokagi lyrics
- the black eyed peas - sexy lyrics