liksminke - blodhemn lyrics
thrándur heitte ein mann
han var son av bjørn månegrimsson, son av sverre månegrim frå vallar
thrándur si mor heitte thorunn rolvsdotter, dotter av rolv thorsson
thrándur budde på gandar i jadri
han var ein rik og mektig høvding, og han var klok og varsam med alt han tok seg føre
ein dag kom ein hær med væpna menn til landsbyen
dei bar på merkelege teikn og snakka om ein krossfesta frelsar frå judea
dei sa at thrándur og resten av landsbyen måtte gje opp si heidenske tru og setja si tillit til ein dei kalla kvitekrist, elles ville dei bli dømde til evig pinsle i dødsriket
thrándur var ikkje ein mann som likte at andre sa til han kva han skulle gjera
dessutan tykte han at denne kvitekrist høyrdest ut som ein veiking; for han var jo ikkje levande, som odin og tor
då dei framande høyrde dette, vart dei rasande
dei hogg hovudet av thrándur si ætt og batt thrándur fast, før dei sette fyr på heile landsbyen
alle i landsbyen døydde, og thrándur fekk svære brannskadar over heile kroppen
han lova blodhemn over kvitekrist og alle hans fylgjarar, og sidan denne dagen gjekk han derfor under namnet mannedaud
Random Lyrics
- eleven1.1 - a poca luz lyrics
- filipe ret - vida eterna lyrics
- lyte - dying breed lyrics
- 4 gοd - 1 (freestyle) lyrics
- negro pop - fe lyrics
- miaooss!! - insomnia part. 1351684603544 lyrics
- mikrowolnovkached - аліна мікалюк lyrics
- kids learning tube - alpha centauri lyrics
- lucypawz - can you give me a hug lyrics
- little bhatia - bihari bhairavi lyrics