![azlyrics.biz](https://azlyrics.biz/assets/logo.png)
liksminke - trollheim lyrics
mannedaud kikka opp mot dei sorgsvarte trea og merka at skogen kalla på han
han gjekk inn, og med eitt kjente han den vonde lukta av troll
etter at han hadde gått eit lite stykkje, kom han fram til eit ondt og illeluktande tjern
det var her trolla heldt til. fjalldraugr, som var det største og mest grufulle av trolla, kom mot han og sa:
her kjem du, mannedaud, h+ller uvarsam
ein einsam sjel på jakt etter kristenmannsblod;
eit hjarte fylt av eit hat så grusamt
at den kalde sjela di aldri får ro
då kvad mannedaud:
mi sjel er frosen
mitt hjarte er kaldt;
mitt mål er å drepa
og utsletta alt;
den kristne pesten
og alle som trur;
alle som ein
står dei for tur
då fjalldraugr høyrde kvadet, forstod han mannedaud sitt hat mot kristendommen og tilbaud seg å hjelpa
«men du må venta på den fyrste frostmånen; då startar den mørkaste tida på året
då skal du finna lukka di, og me skal hjelpa deg.»
mannedaud takka for hjelpa og reiste heim til gandar for å fortelja rallaskrømten om trolla sitt svar
Random Lyrics
- genkay - не обиделся (ne obidelsa) lyrics
- kuupachi - omega lyrics
- andrea von kampen - wonder lyrics
- darrell dorsett & the save me crew - keep shining! keep smiling lyrics
- sam j'taime - die kleine boy lyrics
- mikado, yvng patra & 042ghxst - 言った!! (remix) lyrics
- crystalclone, encursie - реп шмеп (rap shmap) lyrics
- zlata ognevich - мости (bridges) lyrics
- uncleflexxx - no limit lyrics
- roniel - раскаты lyrics