odd nordstoga - seglar lyrics
ein båt heilt uten segl og bør,
eit ope hav, ein gitar.
ein song og ein fugl du såg eingong før
ellers ingenting som det var.
eit land i sikte, men langt i nord.
dit kjem nok ikkje du.
for havet er stille og båten er stor,
finns ikkje ror, vil du snu.
og sola går ned i havet.
og natta stig opp av kavet.
og havet er fullt av stjerner no,
magellanske skyers glans.
og båten er borte, men straumen er god
i seglarens himmelkrans.
ja, båten er borte, og rommet er vidt.
eit svimlande brus gjennom alt.
libra og hercules er du alt kvitt,
ei segn, eingong fortalt.
og sola går ned i havet.
og natta stig opp av kavet.
og du glid inn i dit vesen, inn i ditt vesens grunn.
eit ope alt, ein gitar.
for du er songen i fuglens munn,
du er ein tone som ein gong var.
Random Lyrics
- iwan fals - tak seimbang (feat. geisha) lyrics
- ayo abraham marhaba - high and lifted lyrics
- karen clark-sheard - my god is big lyrics
- kenny knox - love live share give lyrics
- gera mxm - me recuerdas lyrics
- r.e.d - me encantas lyrics
- af scherp - benjamin brooks lyrics
- got7 - 온몸이 반응해 lyrics
- solution .45 - perfecting the void lyrics
- helene fischer - leise rieselt der schnee lyrics