tobben & ero - den dag kjem aldri lyrics
Loading...
den dag kjem aldri at eg deg gløymer
for um eg søver, eg um deg drøymer
um nott og dag er du like nær
og best eg ser deg når myrkt det er
du leikar kringom meg der eg vankar
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar
du støtt meg fylgjer på ferdi mi
som skuggen gjeng etter soli si
når nokon kjem og i klinka rykkjer
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
eg sprett frå stolen og vil meg té
men snart eg sig atter ende ned
når vinden lint uti lauvet ruslar
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar!
når sumt der burte eg ser seg snu
eg kvekk og trur det må vera du
i kvar som gjeng og som rid og køyrer
d’er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt
men endå best i min eigen gråt
Random Lyrics
- noche de brujas - te quiero a morir lyrics
- petter carlsen - spirits in need lyrics
- death grips - fyrd up lyrics
- humberto & ronaldo - tô vendendo beijo lyrics
- aki sirkesalo - mä tuun kotiin lyrics
- the mitchell brothers - routine check lyrics
- meek mill - terrorists lyrics
- marisela - tienes razón lyrics
- scooter - i'm raving - extended lyrics
- f (nederland) - fitnessschool lyrics