tønes - avtalen lyrics
kleane fant eg fram i går
de ligge varme og gode på badegolvet
då eg våkna va klokko allerede seks
eg fór opp å tenkte, du den klokko he ikkje ringt
dar va enno mørkt utforbi
men tio flyge så eg måtte bare hanga i
for avtalen va
at klokko ellve sko eg bli henta
meg å ingrid evje sko te byen
på kjykkene glei ei tynne kneipbrødsjeva rett ner
å eg vaskte opp i ein fart ittepå
for det e så godt å veda
at når eg kjeme heim
e dar ingen skitne kjørla
klokko halv åtte knepte eg den siste knappen i kåbo
å va klar te å gå
klokko halv åtte knepte eg den siste knappen i kåbo
å va klar te å gå
avtalen va
at klokko ellve sko eg bli henta
meg å ingrid evje sko te byen
me pleie ta
okke ein tur
ei gong i månen
meg å ingrid evje
eg va regelmessig bårte i vinduet
og sjekte i frå åtte te halv ti
gjekk ikkje glipp av et einaste menneskje
ellar bil så straug forbi
sjekte håndvesko å la i et nytt tørkle
kikte på klokko å tenkte:
jenna ingrid he gløymt det!
og fem øve halv ellve då ringte eg
får då lurte eg på kor hu blei av
men ingen tog telefonen
å det fysta så slo meg va:
kan hu ha kjørt uden meg?
det konne eg ikkje forstå
så eg skjynde meg å låsa døro å begynde å gå
med fire bærepåsa med tomflaske
småsprang eg neriøno veien
å då ingrid kom
hadde eg røe kinna å va gode å svette
men eg ga o et smil å sa:
«der va du endelig!»
avtalen va
at klokko ellve sko eg bli henta
meg og ingrid evje sko te byen
me pleie ta
okke ein tur
ei gong i månen
Random Lyrics
- stefania rotolo - è una star lyrics
- capra (ita) - il lunedì è la domenica del rock lyrics
- zzzsomnus - about you only lyrics
- zeniak - demonophobia lyrics
- the frights - echo in the corner of the room lyrics
- blackbear - pictures* lyrics
- перемотка (peremotka) - пора домой (pora domoy) (2017) lyrics
- black lips - georgia lyrics
- falcor sadness - chica instagram lyrics
- jackson (jcg) - might go to the movies lyrics