![azlyrics.biz](https://azlyrics.biz/assets/logo.png)
ulrikke - det lyser i stille grender lyrics
Loading...
det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld
og tusene barnehender
mot himmelen ljosa held
og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall
der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng
mens englane song der ute
på betlehems aude eng
hmmm
der song dei for fyrste gongen
ved natt over davids by
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny
den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, guds son, vår frelsar
som døden for evig batt
om barnet, guds son, vår frelsar
som døden for evig batt
hmmm
Random Lyrics
- newstyless - come alive (interlude) lyrics
- hoshimachi suisei - next color planet lyrics
- kitsune (rapper) - un altro drink lyrics
- sekai no owari - カレイドスコープ (kaleidoscope) lyrics
- jane birkin - a marée haute lyrics
- animal sun - high with you lyrics
- flyman - simon lyrics
- entetainment - gift lyrics
- mako - roller coaster lyrics
- johann hedemann - where do you think we'll go? lyrics