azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

cor scorpii – helvetesfossen lyrics

Loading...

futen på hafslo var ein hardsett mann, som
bøndene ikkje hadde mykje hug til.
dei reiste for å klage til kongen i
københavn og der måtte dei vente 3 dagar i
slottsgarden til fånyttes, for dei fekk ikkje
bere fram klaga.

difor vart dei tvungne til å gjere vendereis,
med vilje til å drepa futen.
når futen såg sognebøndene komme,
skjønte han kva som ville skje om dei fekk
tak i han.

han flykta til hest, med bøndene hakk i hæl,
heilt til ferda enda ved den ville
helvetesfossen i årøyelva.

i desperasjon freista han å hoppe over elva,
men ramla av berget på den andre sida og
gjekk lukt i fossen.



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...