enslaved – gangandi lyrics
ifrå heimen han sette i gamal tid
mot frådande bylgjer i nord
med augo og hjarta etne av strid
med von om ei grøderik jord
i løynda han sigla, med volve+brud
i nordluten skulle han ferda
ei skinande viv i måne+skrud
so skulle ljoset nå verda
det gnog i mast, det knaka i skott
på reisa over land og flod
dei knela djupt, både trælar og drott
då ferdafolk i tunet stod
i myrket, sine trådar volva spann
dei reiste hallar og hov
med blod og tårer til sola rann
leidangen hevda hans lov
ei skinande viv i måne+skrud
so skulle ljoset nå verda
sæmingen stupte og skalden kvad
om kvelden vart himmelen raud
nidingen kua seg ned og bad
yngve+frøys hovding var daud
med spjut i hand, i stamnen han stod
ein konung av gjætord er kjend
eit heljaga andlet so lyste av ro
i skuggjane framleis han stend
Random Lyrics
- chocolate mc – lío es lío 3 lyrics
- antslive – cutlery lyrics
- ukuoo – спасает меня (saves me) lyrics
- pseudodemonio – two head lyrics
- made & baré – khoya lyrics
- jb wokaa – millside k lyrics
- rx-23 – плохо (bad) lyrics
- black match – o lyrics
- fka franco – overdue lyrics
- muhabbet – ich habe keine kraft lyrics