gåte – førnesbrunen lyrics
[tekst til “førnesbrunen”]
[instrumental intro]
[vers 1]
høyr, klokkene kling
dei ber vidt ikring
og slaga og stega er tunge
men sjeler av gamle og unge
dei veg ingenting
[vers 2]
eg trør og eg trør
men bak kvar ei dør
har lydlause føter gått føre
og alle ho valde å røre
dei blir no mi bør
[refreng]
høyr, klokkene slår
og fjellskogen står
høyr, klokkene slår
[vers 3]
ein vandrar i svart
ho treng ikkje kart
i boka ho løyner i famna
står soga om gardane, namna
og alt det vi vart
[vers 4]
eg veit kvar eg skal
den siste som fall
han lærte meg stega og vegen
og om eg vart tukta og slegen
eg lydde eit kall
[refreng]
høyr, klokkene slår
og fjellskogen står
høyr, klokkene slår
og fjellskogen står
[outro]
og susar når dagen er omme
for alle dei einsame stumme
som var her i går
her i går
her i går
her i går
her i går
her i går
Random Lyrics
- kng ego – too much lyrics
- the last days of jesus – love turns to hate lyrics
- garnet crow – 花は咲いて ただ揺れて (hana wa saite tada yurete) lyrics
- lma0z00mer – hata lyrics
- sơn tùng m-tp – ấn nút nhớ…thả giấc mơ lyrics
- mystery – suicidal thoughts lyrics
- gærard – better alone lyrics
- klavdiia petrivna – я тобі брехала (i lied to you) (amphiphil remix) lyrics
- bunnystuff – yandere mode lyrics
- war fighters – pitfall lyrics