azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

glittertind – i djupet lokkar ein eld lyrics

Loading...

eg er heilt åleine
med tårar på kinn
rundt meg er murar
og ingen kjem inn
dei ropar om kjærleik
dei ropar om fred
men det er ikkje meg
det er ikkje meg

så sint og fortvila
og lei av meg sjølv
senker eg sorga
i brennvin og øl
der nede i djupet
der kan eg sjå
ein varde som lyste
opp himmelen blå

eg kan ikkje sjå meg attende!
kirsebærblomane fell
eg kan ikkje sjå meg attende!
dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld

den dagen då sola
ikkje kraup opp:
kan hende eit hjarte
kan knuse ein kropp?
kan hende min elskling
finst bak eit slør?
og nede i djupet
ho opnar ei dør
og nede i djupet
er allting som før

eg kan ikkje sjå meg attende!
kirsebærblomane fell
eg kan ikkje sjå meg attende!
dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld

eg kan ikkje sjå meg attende
dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...