azlyrics.biz
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

herborg kråkevik –  eg veit meg eit land lyrics

Loading...

å eg veit meg eit land
langt der oppe mot nord
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord
der eg gjerne er gjest
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band
å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!
der eit fjell stig mot sky
med si kruna av snø
og i lauvklædnad ny
det seg speglar i sjø
og det smiler mot strand
med si bringa i brand
i den solklåre kveld
å eg minnest, eg minnest
so vel dette fjell!
og eg lengtar so tidt
dette landet å sjå
og det dreg meg so blidt
når eg langt er ifrå
med den vaknande vår
vert min saknad so sår
so mest gråta eg kan
å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!



Random Lyrics

HOT LYRICS

Loading...